 |
 |
Læreplanreferanse — Norsk
På denne siden finner du hele læreplanen i norsk. De læreplanreferansene
vi har laget stoff til er uthevet med rødt fulgt av en hakeklamme
som inneholder lenker til temaene. Her kan du til enhver tid følge
med hvilke deler av læreplanen vi har laget stoff til.
Hovedmomenter: 1.-4. klasse
• 5.-7. klasse •
8.-10. klasse
Målsetninger |
1-4 |
LYTTE OG TALE
Elevane skal erfare at dei kvar dag får sagt noko som både
elevar og vaksne lyttar til og svarer på, og lære å
uttrykkje seg på ulike måtar etter situasjon og formål.
Dei skal lære å lytte til andre, også som publikum
under framføring. Elevane skal få oppleve rikdommen
i eit breitt utval litteratur i ulike sjangrar som kan gi inspirasjon
til leik og framføring. Dei skal gjennom eiga utfalding få
oppleve det fysisk-dramatiske i litteraturen. Dei skal kunne bruke
medium i munnleg kommunikasjon. |
1-4 |
LESE OG SKRIVE
Elevane skal lære å lese og møte andre gjennom
tekst og bilete som kan gi oppleving, innsikt og inspirasjon til
eiga skriving. Dei skal lære å skrive, erfare at dei
sjølv har bruk for skriftspråket i samhandling med andre,
og tileigne seg eit variert og funksjonelt skriftspråk. Dei
skal bli fortrulege med å bruke informasjonsteknologi. |
1-4 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR
Elevane skal ha noko kunnskap om språk og eiga språkutvikling,
få oppleve glede ved bruk av språket og utvikle språkleg
sjølvtillit. Dei skal ha noko kjennskap til variasjon og breidd
i munnlege og skriftlege sjangrar, og slik få innsikt i dei
måtane for samhandling som ligg i morsmålet. Elevane
skal kunne samtale om ulike typar tekstar. Dei skal kunne bruke skulebibliotek. |
5-7 |
LYTTE OG TALE
Elevane skal utvikle evna til å lytte aktivt, og utvikle språket
sitt gjennom å bruke det i samtale, samarbeid, diskusjon og
framføring. Dei skal få røynsle i å tilpasse
språket etter situasjonen og formålet. Elevane skal møte
munnlege tekstar frå ulike kulturar og erfare at det er mangfald
og variasjon. Dei skal oppleve drama og teater som uttrykksform,
og dei skal kunne bruke ulike medium i arbeid med framføringar. |
5-7 |
LESE OG SKRIVE
Elevane skal utvikle varierte lesestrategiar og kunne lese tekstar
på bokmål og nynorsk. Dei skal bli kjende med eit breitt
utval skjønnlitteratur og sakprosa, som kan gi oppleving og
stimulere leseglede, kunnskapstørst og spenningstrong, og
kunne bruke idear frå tekstar av ulike forfattarar i si eiga
skriving. Dei skal lese og samtale om eit breitt utval tekstar, også
elevtekstar, og lære å utnytte det ulike sjangrar byr
på av ulike uttrykksformer. Gjennom si eiga skriving skal dei
kunne gi uttrykk for tankar, meiningar og røynsler, og oppleve
at dei får tilbakemelding på det dei vil formidle. Dei
skal kunne oppleve at skriving er med på å klargjere
tankane, og vinne røynsle med arbeidet frå uklare idear
til publisert tekst. Elevane skal ha kjennskap til skriftlege massemedium
og utvikle dugleik i å bruke elektroniske medium. |
5-7 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR
Elevane skal ha ei viss forståing av den rolla språk
og tekst spelar i kulturtradisjonen vår. Dei skal utforske
korleis det munnlege og skriftlege språket blir brukt og er
oppbygd, og slik lære nyttige omgrep for å snakke om
språk. Dei skal utvikle forståing for korleis vi bruker
språket i meir offentlege samanhengar. Elevane skal ha noko
kjennskap til korleis munnleg og skriftleg språkbruk skil seg
frå kvarandre og lære noko om verkemiddel og komposisjon
i ulike munnlege og skriftlege sjangrar. Dei skal kunne bruke skulebibliotek
meir sjølvstendig og skal ha noko kunnskap om korleis media
kan brukast til å samhandle med andre. |
8-10 |
LYTTE OG TALE
Elevane skal utvikle evna til å lytte, oppleve, vurdere og
gi relevant tilbakemelding, lære å ta ansvar for si eiga
utvikling og hjelpe andre i deira utvikling. Dei skal kunne delta
i meiningssøkjande, utprøvande og etterprøvande
samtale, diskusjonar og møte, og slik kunne utvikle seg til
aktive og konstruktive samfunnsborgarar. Dei skal oppleve scenekunst
som uttrykk og dramatisk metode og erfare at det skrivne ordet blir
levande gjennom dramatiske tekstar. Elevane skal kunne uttrykkje
seg i ulike sjangrar, i ulike situasjonar og for ulike formål.
Dei skal bruke munnlege medium aktivt og ha ei medviten holdning
til innhald, bruksmåtar og verkemiddel. |
8-10 |
LESE OG LYTTE
Elevane skal lære å lese kritisk og sjølvstendig,
vidareutvikle evna til å oppleve dei estetiske sidene ved litteratur
og erfare korleis litteratur formidlar livsrøynsle og kunnskap,
framtidsbilete og førestellingar som kan kaste lys over deira
eige liv og livet til andre. Dei skal kunne lese og skrive på
nynorsk og bokmål for aktivt å kunne vere med i ein nasjonal
skriftkultur og erfare at lesing og skriving utfyller kvarandre i
fagleg arbeid og i all skriveopplæring. Elevane skal kunne
uttrykkje seg i ulike sjangrar og utvikle ulike måtar å
reflektere og kommunisere på gjennom skrift. Dei skal lære
å sjå at skriving er ein veg inn til forståing,
oppleving og samhandling med andre, kunne tolke og vurdere innhaldet
og verkemidla i tekstar i ulike medium og sjølv bruke medium
til å formidle tekstar. Elevane skal kunne arbeide aktivt med
å utvikle ein tekst frå idé til ferdig produkt,
og kunne gi og gjere seg nytte av tilbakemeldingar undervegs i skriveprosessen.
Dei skal kunne vurdere sine eigne tekstar og si eiga utvikling som
skrivarar. Dei skal kunne søkje informasjon ved hjelp av ulike
tilgjengelege informasjonskjelder som til dømes bibliotek,
arkiv og informasjonsteknologi, og lære å bruke kjeldene
kritisk og sjølvstendig i sitt eige arbeid. |
8-10 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR
Elevane skal kjenne hovudtrekka i norsk språkhistorie og litteraturhistorie
og vidareutvikle forståinga si av den rolla språk og
tekst spelar i kultur og samfunn. Dei skal vite noko om kva som påverkar
språkbruk over lengre tid, og utvikle ei medviten holdning
til språkrøkt og språkutvikling. Dei skal ha kjennskap
til strukturen i det norske språket, og til korleis det fungerer
og blir brukt, og vidareutvikle kjennskapen til og forståinga
for munnlege tradisjonar i sin eigen og andre kulturar. Elevane skal
ha kunnskap om at munnlege og skriftlege sjangrar er både innhald,
form og bruk. Dei skal ha innsikt i skriftleg samhandling og kunne
sjå samanhengen mellom skrivesituasjon, tema, sjanger og mottakar.
Dei skal kjenne til ulike medium og korleis ulike medium gjer det
mogeleg å arbeide med og formidle munnlege og skriftlege tekstar,
og dei skal kunne vurdere den innverknaden media har på den
enkelte og på samfunnet. |
Hovedmomenter 1.-4. klasse |
1 |
LYTTE OG TALE |
- utfalde seg gjennom allsidig leik, delta i rolleleik og bruke
språket aktivt i ulike former for spel
- leike og eksperimentere med ord, lydar, rim
og rytme, bruke ellingar, songleikar, mellom anna enkle samiske
rim og regler, framføre dikt, songar og barneregler, gjette
gåter og fortelje vitsar [Killebukken]
- lytte til eventyr, fablar og andre forteljingar,
høyre norrøne mytar, til dømes historia
om Balders død og Idunns eple [Norrøn
mytologi, Æsops
fabler]
- bli sedde og høyrde i faste forteljestunder. Få
trening i å gi att i samanheng, greie ut, forklare og skildre
- venje seg til å vente på tur, ta ordet og gi det
frå seg i større grupper, delta i møte, handle
i samsvar med melding
- sjå video eller fjernsynsprogram og snakke om det dei
ser, bruke telefon og opptak til kommunikasjon og rolleleik
|
1 |
LESE OG SKRIVE |
- delta i skriftspråkstimulerande rolleleik
- møte symbol, bokstavar, tal og skrift i klasserommet
og andre stader, til dømes skilt, plakatar, oppslag og
bøker, og ta bokstavane i bruk i si eiga takt
- møte og oppleve eit rikt utval bøker, biletbøker
og andre tekstar der både jenter og gutar spelar viktige
roller. Høyre tekstar av forfattarar som til dømes
Alf Prøysen, Andre Bjerke, Inger Hagerup, og nyare forfattarar.
Samtale om tekstar dei høyrer, og det dei ser i biletbøker
- få hjelp til å skrive ned noko dei seier eller
fortel, og oppleve at det er samanheng mellom tale og skrift
(tekstskaping), samtale om tekstane dei har skapt, og om kva
dei likar i tekstane til andre
|
1 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- snakke om språk, kva det kan brukast til, kor ulikt det
kan vere, og korleis deira eige språk har utvikla seg frå
dei var små
- få røynsle med spelereglar for samtale i ulike
samanhengar, og røyne kvifor det er viktig å lytte
til kvarandre
- snakke om munnlege episke sjangrar og sjangrar som blir brukte
i leik
- vitje skulebibliotek eller eit anna bibliotek og gjere seg
kjende der
|
2 |
LYTTE OG TALE |
- leike, og lære gjennom leik, leike med ord, gjette gåter
og lære nokre ordtak
- dagleg møte eventyr eller andre tekstar
gjennom høgtlesing, til dømes eventyr frå
Asbjørnsen og Moe [Trollet
uten hjerte] og Grimm-brørne og forteljingar frå
Nordahl Rolfsen, samiske eventyrsamlingar og eventyr frå
minoritetskulturar
- høyre nokre norrøne mytar som
til dømes Tor med hammaren og Odin og Valhall [Norrøn
mytologi]
- framføre enkle rollespel eller dramatiseringar i klassen,
eller for foreldra
- syngje folkeviser, songar og salmar
- fortelje kvarandre om det dei er opptekne av, få og gi
positiv tilbakemelding
- framføre eigne og andre sine tekstar, bli vane med å
høyre ulike dialektar og talemål
- ta del i samtalar og hevde eigne meiningar, bli oppmuntra til
å spørje om det dei ikkje forstår eller undrar
seg over. Ta imot meldingar og formidle dei vidare
- sjå og snakke om film
|
2 |
LESE OG SKRIVE |
- bruke bokstavane og gradvis erobre lese- og skrivekunsten.
Ta i bruk samanhengande skrift når dei har automatisert
samanhengen mellom lyd og bokstav, og det fell naturleg for dei
- møte eit rikt utval av barnelitteratur med roller gutar
og jenter kan identifisere seg med, av forfattarar som til dømes
Thorbjørn Egner, Astrid Lindgren og Anne Cath. Vestly.
Lese sjølv etter kvart som det fell naturleg for dei.
Granske bilete i bøker
- teikne og forme innhaldet i tekstar dei høyrer eller
les. Gi positiv og grunngitt tilbakemelding på andre sine
teikningar og tekstar
- skape tekstar i sjangrar som brev, ulike sakprosatekstar, dikt
og forteljingar, ved hjelp av ein vaksen nedskrivar eller ein
annan skrivefør person, eventuelt skrive sjølv.
Lage "bøker", veggaviser og plakatar
- leike på datamaskin, skrive og teikne
|
2 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- samtale om skilnader mellom sjangrar dei arbeider med, lære
noko om det sørgjelege og det morosame og sjangrane tragedie
og komedie
- arbeide med roller og replikkar i ein dramatisk tekst, vurdere
verdien av stemmebruk og kroppsspråk, få noko røynsle
med enkle rekvisittar
- lære å uttrykkje seg aksepterande og verdsetjande
om det andre seier og skriv. Finne ut korleis vi uttrykkjer spørsmål
og undring, kva vi bruker ulike ytringar og ord til, til dømes
spørsmål, utsegner
- arbeide med bokstavane, bli kjende med at bokstavar har namn
og representerer språklydar. Lære om opphavet til
nokre ord. Få ei første innføring i ordklassar
ved å sjå på til dømes den funksjonen
adjektiv og substantiv har i språket
- venje seg til å bruke biblioteket og få hjelp til
å finne fram bøker
|
3 |
LYTTE OG TALE |
- lytte til segner, norrøne mytar som
til dømes historia om Ask og Embla, legender og andre
forteljingar [Norrøn
mytologi]
- lytte til utdrag av barnelitteratur frå tidlegare tider,
samtale om tekstane dei høyrer
- lytte konsentrert til kvarandre og følgje opp med spørsmål,
gi att hovudinnhaldet i noko dei har lese eller høyrt
- fortelje og framføre tekstar dei har laga sjølv,
vere med i skodespel, lage replikkar og ta del i framføringar
med seg sjølv eller med dokker som rollefigurar. Tileigne
seg lærestoff gjennom leik, song, dans, rollespel og dramatisering
- formulere eigne synspunkt, kunne uttrykkje semje eller usemje
med andre og arbeide seg opp toleranse for synet til andre
|
3 |
LESE OG SKRIVE |
- lese mykje og for ulike formål, lese nyare litteratur
av norske, samiske og nordiske barnebokforfattarar og av barnebokforfattarar
frå andre land, møte eldre litteratur som folkeeventyr
og fablar
- granske bilete i bøker, i aviser og i nærmiljøet,
lese aviser saman og samtale om det dei er opptekne av
- hente førebilete og inspirasjon til eiga skriving frå
det dei les, høyrer og ser, skrive i ulike sjangrar, blant
anna dikt, og eksperimentere med språklege
verkemiddel som gjentaking, samanlikning og bilete [Språklige
virkemidler]
- samtale om tekstane til kvarandre og gi positiv og grunngitt
tilbakemelding på teikningar og tekstar
- få røynsle i å brevveksle med elevar ved
andre skular eller andre mottakarar
- arbeide med å utvikle ei samanhengande handskrift, skaffe
seg vidare røynsle i å lese og skrive, til dømes
på datamaskin, og arbeide med skiljeteikn i eigne tekstar
|
3 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- samtale om samspelet mellom lytting og tale, røyne
korleis stemmebruk og kroppsspråk er viktig for det som
blir sagt eller framført
- samtale om dei sjangrane dei har arbeidd med
- granske sin eigen dialekt, samtale om skilnader mellom skriftspråk
og talemål, og undersøkje tydinga av og opphavet
til sitt eige namn og namnet til andre
- byrje å arbeide med ulike typar hovudsetningar og teiknsetjing,
mellom anna punktum, ropeteikn, spørjeteikn, arbeide med
ordklassar og den funksjonen dei har i språket
- få øving i å finne fram bøker på
skulebiblioteket
|
4 |
LYTTE OG TALE |
- arbeide med tekstar som tek opp konfliktar dei kan kjenne seg
att i. Utforske vennskap og uvennskap, rettferd og urettferd,
krangel og forsoning gjennom diskusjon, improvisasjon og rollespel
- høyre og fortelje eventyr, fablar, mytar og segner,
også frå fjerne himmelstrok
- gi att og lage dramatiseringar av forteljingar, og eventuelt
formidle dei med video eller kassettspelar
- øve seg i å framføre enkle talar og leggje
fram fagstoff i klassen
- sjå film og samtale om innhaldet
|
4 |
LESE OG SKRIVE |
- få hjelp til å utvikle gode lesemåtar og
dermed få betre innhaldsforståing og lesefart
- lese nyare litteratur, norsk og omsett, blant anna av samiske
forfattarar. Møte fantastisk litteratur av nyare dato,
til dømes av Tove Janson og Roald Dahl, og bli oppmuntra
til å ta i bruk fantastiske element i si eiga skriving
- møte tekstar av forfattarar som til dømes Henrik
Wergeland, Bjørnstjerne Bjørnson og Barbra Ring,
høyre eller lese kunsteventyr av H.C.
Andersen [HCA]
og Regine Normann
- arbeide med teikneseriar og samtale om språket i dei
- skrive sakprega tekstar om det dei er opptekne av, og slik
ta vare på skaparlysta og uttrykksgleda. Bruke litteratur
som inspirasjon for eigne forteljingar. Arbeide med oppbygging,
mellom anna byrjing, utvikling og slutt. Høyre eller lese
tekstane til kvarandre, seie kva dei likar og spørje om
det dei ikkje forstår. Skrive nokre tekstar på data
og slik utvikle seg til å bli dyktige på tastatur
|
4 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- arbeide med sjangertrekk i eventyr og andre forteljingar, høyre
om den kulturen forteljingane vart til i. Undersøkje korleis
ei god forteljing er bygd opp, og arbeide med å dele inn
tekstar i avsnitt
- finne fram til særtrekk ved språket i teikneseriar.
Arbeide med forteljemåtar i film
- samtale om kva som gjer munnlege framføringar gode,
og vurdere det språket vi bruker når vi argumenterer
- finne nokre ordtak i sitt eige nærmiljø, granske
lokale stadnamn og snakke om kva dei tyder
- studere og eksperimentere med reklame, finne verkemiddel og
samtale om påverknadskraft
- lære meir om ordklassane og funksjonane deira i arbeid
med tekstar, som verb til å få fram til dømes
fart, pronomen til å skape samanheng og liknande
- bruke bibliotek til å få ei viss oversikt over
bøker av forfattarar dei kjenner, og lese eit tekstutval
som kan levandegjere éin eller fleire av dei
|
Hovedmomenter 5.-7. klasse |
5 |
LYTTE OG TALE |
- bruke rollespel og improvisasjon til å
leve seg inn i situasjonen til andre og prøve ut korleis
dei kan ordleggje seg [Innlevelse
og språk], bruke dramatiske arbeidsmåtar som
agering og mime. Utvikle språkleiken vidare, til dømes
vitsar, "tungekrøllarar" og liknande
- leggje fram eigne tankar, lærestoff og nyhendestoff,
slik at andre fattar interesse for det som blir sagt
- lytte til høgtlesing og slik dele litterære opplevingar,
danse og syngje folkeviser
- samtale om eigne opplevingar av bilete og estetiske sider ved
bilete
- sjå og snakke om program på fjernsyn
- lage intervju, gjerne med opptak på band
|
5 |
LESE OG SKRIVE |
- lese og oppleve nyare dikt. Formidle dikt gjennom dramatisering
og framføring. Skrive dikt og arbeide med verkemiddel
som verselinje, bilete, samanlikning og gjentaking
- lese korttekstar og barne- og ungdomsbøker av nyare
forfattarar og ei eldre utanlandsk bok, til dømes Robinson
Crusoe, Huckleberry Finn eller Heidi. Finne ut korleis forfattarar
skaper spenning, bruker humor, skildrar personar og liknande.
Bli kjende med nokre fleire norrøne
mytar som til dømes historia om Loke, Hel, Fenresulven
og Midgardsormen og Ragnarok [Norrøn
mytologi]
- bruke kjelder til å skaffe seg opplysningar om ein nolevande
forfattar og skrive ein biografisk tekst
- få røynsle i å skrive seg inn i eit emne.
Arbeide medvite med å tileigne seg innhaldet i fagtekstar.
Skrive sakprosatekstar om ulike emne, gjerne knytte til tverrfaglege
opplegg. Lære tekstbehandling i tilknyting til skriving
av eigne tekstar og øve på tastaturbruk
- bruke kunnskapen sin om tekst til å gi grunngitte tilbakemeldingar
på tekstar undervegs i skriveprosessen
- arbeide med rettskriving ut frå individuelle behov. Bruke
ordliste
- arbeide med tekst og bilete i biletbøker og bli kjende
med nokre biletbokkunstnarar
|
5 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- observere og diskutere det talespråket og kroppsspråket
som blir brukt i ulike situasjonar som diskusjon, krangel, mobbing
og forsoning. Registrere korleis det språket vi bruker,
påverkar situasjonen
- granske uttrykksmåtar, verkemiddel og strukturar i dikt
- utforske korleis vi kan variere språket gjennom ordval
og syntaks, undersøkje nokre trekk ved norsk setningsbygnad,
samanlikne munnleg og skriftleg uttrykksmåte, blant anna
i intervju, og bli klar over korleis dei kan lese på ulike
måtar for ulike formål
- undersøkje nokre særtrekk, til dømes tekstbinding
og struktur, ved fagtekstar som dei arbeider med
- snakke om opphavet til folkeviser, om bruken av dei og om den
rolla dei spela
- vurdere innhald og form i fjernsynsprogram, få noko kunnskap
om mediet og ta til å reflektere over det dei ser. Tileigne
seg kunnskap om å lese bilete
- hjelpe yngre elevar med å finne bøker i skulebiblioteket
|
6 |
LYTTE OG TALE |
- samtale om eldre barne? eller ungdomslitteratur av forfattarar
som til dømes Rasmus Løland, Hans Aanrud og Dikken
Zwilgmeyer, og studere person- og miljøskildring
- høyre eventyr, segner og ordtak frå
andre land og kulturar, mellom anna den samiske, og fortelje
dei til yngre elevar [Nattergalen,
Den hodeløse -
En kostelig molbohistorie]
- forske ut lærestoff, til dømes kunnskap om andre
kulturar, gjennom dramafaglege aktivitetar, til dømes
mime, kroppsrørsler og rytme
- trekkje ut hovudpunkta i eit fagstoff og leggje det fram som
foredrag eller utgreiing i eller utanfor klassen
- lytte til dialektprøver og prøve å plassere
dei i ein landsdel. Arbeide med ordtak, faste uttrykk og språklege
bilete
- lytte til og sjølv lage eit "radioprogram",
til dømes høyrespel, intervju eller reportasje,
dramatisere ei forteljing og gjere opptak
|
6 |
LESE OG SKRIVE |
- fordjupe seg i lesing av bøker, til dømes leseprosjekt.
Lese tekstar av nyare forfattarar på bokmål og nynorsk,
noko på dansk og svensk. Bruke leselogg
- skrive forteljing, arbeide med til dømes miljø-
og personskildring, konflikt og løysing. Leggje vekt på
ordval, nyansar og variasjon i språket. Samarbeide om å
lage manus til filmforteljingar
- skrive sakprosatekstar, gjerne knytte til arbeidet i andre
fag. Hente aktuell informasjon frå leksikon, oppslagsverk,
fagbøker, diagram og bilete. Arbeide med avsnitt og rettskriving
i eigne tekstar og få rettleiing etter behov
- lese aviser og sjå på stoffutval. Skrive ut og
redigere eit intervju. Lage ei avis som blir publisert på
skulen eller i lokalmiljøet, arbeide med overskrifter,
bilete og sideutlegging, til dømes ved bruk av tekstbehandling.
Eksperimentere med å kombinere tekst og bilete og med å
integrere tekst og teikning ved hjelp av elektroniske hjelpemiddel.
- få god røynsle med fasane i arbeidet med tekst
frå uklare idear til ferdig produkt. Gi positiv og konstruktiv
tilbakemelding
|
6 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- samle, systematisere og arkivere vitsar, skrøner, historier
og vandreforteljingar i lokalmiljøet. Arbeide med munnlege
kulturtradisjonar i nokre minoritetsspråk, mellom anna
det samiske
- forske ut og diskutere komposisjon og verkemiddel i nokre munnlege
sjangrar som foredrag og intervju
- diskutere kriterium for gode tilbakemeldingar på uferdige
tekstar
- undersøkje korleis illustrasjonar, figurar, margtekst
og liknande utdjupar innhaldet i ein tekst. Sjå på
korleis skrifttypar, skriftstorleik og sideutlegging blir brukte
til å utheve særleg viktige delar av teksten og underordne
andre delar, til dømes overskrifter, ingress og fotnotar
- utforske og diskutere korleis avsnitt fungerer i skriftleg
tekst. Arbeide med teiknsetjing, blant anna i forhold til skiljet
mellom hovud? og leddsetningar. Undersøkje korleis ulike
ordklassar kan brukast til å uttrykkje funksjonar som årsak/verknad
og samanlikning/kontrast
- vurdere innhald og form i eit radioprogram
|
7 |
LYTTE OG TALE |
- arbeide saman om faglege tema med vekt på å lytte
aktivt
- bruke og utvikle tekstkunnskapen sin i litterær samtale,
med utgangspunkt i den opplevinga eleven har av teksten
- bruke kropp og stemme i ulike spelsituasjonar og utforske og
utvikle den personlege, dramatiske uttrykksevna. Eksperimentere
med å framføre ein tekst på ulike måtar.
Om mogeleg bruke video som hjelpemiddel. Spele kabaret, revy
eller teater for andre, til dømes foreldre, med noko sjølvlaga
materiale
- få røynsle i å ta ordet i ei større
forsamling og slik oppdage at dei meistrar denne utfordringa.
Summere opp ein diskusjon i klassen. Presentere temaarbeid eller
prosjektarbeid
- samle leikar og barnetradisjonar, lære enkle samiske
ord som til dømes å helse, takke, og ha ansvaret
for opplegg på barnesteget
|
7 |
LESE OG SKRIVE |
- lese ungdomsromanar for å oppdage og oppleve, norske
og omsette. Lese, samtale om og framføre
dikt og songar av forfattarar som til dømes Bjørnstjerne
Bjørnson, Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Margrethe
Munthe [Vinje].
Samtale om tekstar av forfattarar som til dømes Per Sivle,
Oskar Braaten og Sigrid Undset og sjå på miljø,
menneskesyn, språk og liknande. Bli kjende med éin
eller fleire lokale forfattarar
- arbeide med sakprosatekstar, finne grunngivingar og forklaringar
i det dei les, og bruke det i si eiga skriving, til dømes
i samband med tema og prosjektarbeid. Gi kvarandre tilbakemelding
i arbeidet
- skrive for mottakarar utanfor klasserommet, arbeide grundig
med ein tekst med vekt både på det estetiske i si
eiga språkføring og med vekt på rettskriving
og teiknsetjing
- utvikle ei lett leseleg personleg handskrift og prøve
ut ulike typar prydskrift/kalligrafi. Få noko røynsle
med å bruke elektroniske medium til å produsere og
publisere tekstar
- granske og vurdere verkemiddel i ulike reklametekstar og eksperimentere
med å lage reklame sjølv
- gjere seg kjende i tilgjengelege offentlege bibliotek og søkje
aktivt etter fag? og skjønnlitterære bøker
dei vil lese, og skrive ei bokmelding om ei av dei
|
7 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- finne ut noko om korleis språket varierer over tid og
etter stad, situasjon og deltakarar. Observere nokre særtrekk
ved andre dialektar, gruppespråk og språkbruken til
jenter og gutar. Finne ord av engelsk opphav i norsk og prøve
å finne norske synonym
- arbeide med ulike måtar for tekstbinding
- studere særtrekk ved dramatiske sjangrar dei arbeider
med og drøfte kriterium for framføring av dramatiske
tekstar
- diskutere kriterium for tilbakemelding på tekstar og
kriterium for godt samarbeid i tema- og prosjektarbeid. Reflektere
over si eiga skriveutvikling i ulike sjangrar. Plukke ut nokre
tekstar dei er spesielt nøgde med, og grunngi kvifor
- tileigne seg kunnskap om ein del av dei forfattarane dei les
tekstar av
- arbeide med ordklassane i tilknyting til
tekstar med vekt på den funksjonen dei har i språket
[Adverb], og arbeide
med setningslære
|
Hovedmomenter 8.-10. klasse |
8 |
LYTTE OG TALE |
- bruke språket til utprøvande samtale, blant anna
om ansvar og fridom, ærlegdom og svik, om konfliktar og
om å vere sakleg og usakleg. Arbeide med innlevande og
kritisk lytting, improvisasjon og rollespel
- vere med i litterære samtalar med si eiga oppleving av
teksten som utgangspunkt
- leggje fram fagstoff i grupper eller i klassen, gi og få
konstruktiv tilbakemelding
- syngje og danse/dramatisere nokre folkeviser og dramatisere
anna folkedikting
- få røynsle i å vere aktivt med i meir formelle
møte og diskusjonar, bli kjende med omgrepa innlegg og
replikk, ta notat og lage referat frå diskusjonar
- diskutere innhaldet og verkemiddel i ungdoms- og underhaldningsprogram
i radio og fjernsyn
- arbeide med intervjuteknikk, registrere kroppsspråk,
stemningar og liknande, og leggje til rette materialet til skriftleg
tekst
- dikte fantastiske forteljingar og prøve ut ulike personlege
forteljemåtar
- få noko røynsle i å lytte til svensk og
dansk språk
|
8 |
LESE OG SKRIVE |
- fordjupe seg i lesing over tid, til dømes leseprosjekt.
Lese bøker og korttekstar som blant anna tek opp tema
dei unge er opptekne av, og som kan vere viktige for identitetsutviklinga
deira
- lese eit utval omsette eddadikt og utdrag av sagalitteraturen.
Lese tekstar av forfattarar som til dømes Petter Dass,
Ludvig Holberg, Johan Herman Wessel
[Wessel]. Arbeide
med eventyr innsamla av Asbjørnsen og Moe [Folkeeventyr],
nokre segner, eventuelt eventyr og segner med lokal tilknyting,
mellom anna samiske segner av til dømes Just Quigstad
- lese noveller av forfattarar som til dømes Johan Borgen,
Torborg Nedreaas, Tarjei Vesaas og eit utval tekstar med vekt
på spenning og fantasi, der svenske, danske og omsette
tekstar, mellom anna samiske, skal vere representerte. Skrive
forteljingar og noveller, også med utgangspunkt i eiga
røynsle og eigne opplevingar, og arbeide med litterære
verkemiddel
- arbeide med teikneseriar, vurdere tekst og bilete, også
med vekt på det estetiske, lage teikneseriar sjølv
og prøve ut noko av kunnskapen sin om sjangeren. Arbeide
med biletbøker, kunstbilete og plakatar
- skrive utgreiingar, debattinnlegg og artiklar til ulike mottakarar.
Vere aktivt med i å finne skrivetema som engasjerer. Oppleve
at lesing og skriving utfyller kvarandre også i fagleg
arbeid, og erfare verdien av idémyldring, stikkord, tankekart,
spørsmål og liknande
- vidareutvikle evna til å vurdere sine eigne tekstar og
til å gi tekstspesifikk og konstruktiv tilbakemelding.
Drøfte vurderingskriterium. Ta vare på eigne tekstar
for å kunne dokumentere og vurdere si eiga skriftspråksutvikling,
og bruke logg til refleksjon og kommunikasjon
- byrje å bruke sidemål som arbeidsspråk, arbeide
med teiknsetjing og arbeide grundig med å tileigne seg
korrekt ortografi i hovudmålet
- vidareutvikle handskrifta si mot ei personleg og formålstenleg
skrift som er god å lese
- lære litteratursøking, omskriving og redigering
av tekst, til dømes ved bruk av informasjonsteknologi.
Kunne få ta ansvaret for variert bruk av skulebibliotek
|
8 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- arbeide med den nasjonale skriftkulturen fram til rundt 1850
og få innsikt i utviklinga av språk og skrift gjennom
å arbeide med tekstar frå denne perioden. Sjå
litteratur, litteraturhistorie og språkhistorie i samanheng
og setje litteratur og forfattarar inn på ei tidslinje
- finne ut noko om korleis talemålet i Noreg har endra
seg og kva som har påverka talemålsutviklinga. Bli
kjende med språkarbeida til Ivar Aasen og Knud Knudsen
og utviklinga av nynorsk og bokmål
- studere sjangertrekk i dei episke tekstane dei arbeider med.
Undersøkje variasjonen i ein episk sjanger, drøfte
kva som kjenneteiknar ein god sakprosatekst, og også vurdere
dei estetiske sidene. Granske språket vi bruker når
vi skriv eit intervju, til dømes direkte og indirekte
tale, verbtider og verbbruk og måtar å flette inn
personskildring på
- granske setningsstruktur og former for tekstbinding på
ulike tekstnivå, også i elevtekstar, eksperimentere
med å kombinere enkle setningar til samansette
- arbeide med å bli medvitne om si eiga munnlege språkutvikling,
skaffe seg opplysning om si eiga munnlege språkutvikling
og sjå ho i samanheng med kunnskap om språkutvikling
hjå barn
|
9 |
LYTTE OG TALE |
- ta opp dagsaktuelle spørsmål og andre tema dei
er opptekne av, til kritisk og etterprøvande samtale.
Utvikle ein idé, grunngi, tale for og forsvare eit standpunkt
- tileigne seg litterært stoff og fagstoff gjennom dramatisering
og framføring, arbeide med ulike måtar å framføre
lyrikk på
- framføre viser, songar, rocketekstar og samtale om innhald
og språk
- vurdere etiske og estetiske sider ved utval og fokus i musikkvideoar
og ungdomsprogram på fjernsyn
- tileigne seg litterært stoff og fagstoff gjennom dramatisering
og anna scenisk framføring, presentere prosjektarbeid
og bli medvitne om kva framføringa har å seie for
oppleving og forståing
- studere debattprogram på fjernsyn med vekt på om
dei er saklege eller usaklege
|
9 |
LESE OG SKRIVE |
- lese ein roman frå eit europeisk land
- fordjupe seg i nasjonalromantikken, sjå korleis han voks
fram i litteratur, språk, musikk og biletkunst
- lese eit utval tekstar av forfattarar som til dømes
Camilla Collett, Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie,
Alexander Kielland og Amalie Skram og få eit visst bilete
av tida dei levde i og kva dei var opptekne av
- arbeide med eit utval lyrikk av forfattarar
som til dømes Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven,
Arne Garborg, Sigbjørn Obstfelder, Arnulf Øverland,
Nordahl Grieg, Tor Jonsson, Jakob Sande, Inger Hagerup, Olav
H. Hauge, Rolf Jacobsen, Halldis Moren Vesaas og nyare forfattarar,
og skrive eigne dikt [Obstfelder]
- arbeide med eit utval humoristisk litteratur frå nyare
og eldre tid, norsk og omsett. Eksperimentere med humor og ironi
i si eiga skriving
- undersøkje verdiar, tenkjemåtar og livsførestellingar
i den samiske kulturen gjennom å lese eit utval moderne
samisk litteratur, dikt, forteljingar og noveller
- lese og arbeide med argumenterande tekstar, prøve ut
struktureringsmåtar, spesifisering, generalisering og eksperimentere
med verkemiddel
- lese essay og skrive essayliknande tekstar
- bruke sidemål som arbeidsspråk for skriftleg arbeid
i periodar
- studere reklame og lære om funksjon og verkemiddel, og
lage reklame der dei tek i bruk bilete og tekst
- bruke datanett til kontakt med elevar i andre nordiske land,
vere med i diskusjonsgrupper. Gjere seg nytte av informasjonssøking,
systematisering og lagring av innhenta materiale
|
9 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- finne ut noko om utviklinga av språk og skrift i tekstar.
Arbeide med litteratur, litteraturhistorie og språkhistorie
i samanheng og setje forfattarar dei arbeider med, inn på
ei tidslinje. Samtale om samanhengen mellom litteratur og sosial
og politisk historie for å forstå korleis dikting,
språk og samfunnssituasjon kan påverke kvarandre
- arbeide med nokre sentrale trekk ved sakprosa, til dømes
underbygging, om tekstane er saklege, kva dei legg vekt på
og omgrepsbruk. Få røynsle med arbeidsgangen i eit
prosjektarbeid
- arbeide med nokre trekk ved lyrikk som til dømes språklege
bilete, assosiasjonsrikdom, mangfald i tyding og andre verkemiddel,
og samtale om kva som gir oss estetisk oppleving når vi
les skjønnlitteratur
- lese nokre døme på talar av nordmenn og utlendingar,
til dømes Håkon 7., Fridjtof Nansen, Abraham Lincoln,
Winston Churchill og Martin Luther King, drøfte bruk av
verkemiddel og lære noko om retorikk
- arbeide med formverket i sidemålet i tilknyting til tekstar
- oppsummere og samle det viktigaste av det klassen har funne
ut om skriftleg samhandling
|
10 |
LYTTE OG TALE |
- samtale om framtida, sjå tilbake og reflektere, til dømes
i tale eller kåseri og samarbeide om å finne fram
til meining og konklusjon i vanskeleg fagstoff
- vere aktivt med i reflekterande samtale om til dømes
innhald, struktur og verkemiddel i litterære tekstar
- presentere eit prosjektarbeid, gjerne for ei aldersblanda mottakargruppe,
og drøfte krav til munnleg framføring
- oppleve teaterframsyningar, eventuelt videoopptak, drøfte
innhald og framføring. Spele teater og framføre/dramatisere/spele
dramatiske tekstar av skodespelforfattarar eller tekstar dei
sjølv har laga. Forme ut roller og replikkar, arbeide
med stemmebruk, pausar og kroppsspråk. Få røynsle
med reelle og imaginære rekvisittar
- sjå film og diskutere innhald og filmatiske verkemiddel
|
10 |
LESE OG SKRIVE |
- lese nye bøker etter eige val. Skrive vurderingar eller
tilrådingar for jamaldringar
- lese eit utval tekstar av forfattarar som til dømes
Knut Hamsun, Sigrid Undset, Olav Duun, Cora Sandel og nyare norske
forfattarar, og få innblikk i ulike menneskelagnader, arbeide
fagleg med dramatiske tekstar av mellom andre Henrik Ibsen og
nyare forfattarar, presentere stoffet i eit større skriftleg
arbeid, til dømes som tema- eller prosjektoppgåve.
Bruke erfaringa frå arbeidet sitt med skjønnlitterære
tekstar i eiga utprøvande skriving
- lese og samtale om omsette tekstar frå andre kulturar,
vere med i og lytte til framføringar og få innblikk
i livsrøynsler og forståing for normer og verdiar
i kulturen til andre land. Møte skriftkultur i innvandrarspråk
eller i minoritetsspråk, mellom anna det samiske
- skrive informative og argumenterande tekstar, få noko
erfaring med å skrive til dømes søknader,
formelle brev og andre sjangrar dei har bruk for, samarbeide
om å lage prosjektplanar, føre dagbok i samband
med eit prosjektarbeid og skrive vurderingar av arbeidsgang,
produkt og læringsutbyte. Samarbeide om rettleiingsarbeid
på aldersblanda skrivedagar
- arbeide med god språkføring og formell dugleik
i bokmål og nynorsk knytt til arbeidet med eigne tekstar
- lese og vurdere tekstar og bilete i ulike typar propaganda,
studere kunstbilete og skrive tekstar
- bli kjende med eit utval norske aviser, arbeide med nokre avissjangrar,
studere ulike tekstar i nokre aviser over eit visst tidsrom.
Lage avis, gjerne med ein eigen profil
|
10 |
KUNNSKAP OM SPRÅK OG KULTUR |
- arbeide med norsk språk- og litteraturhistorie frå
1850 til i dag, og ordne kunnskapen sin om sentrale norske forfattarar
i perioden. Fordjupe seg i nokre forfattarar, kva dei var opptekne
av, og korleis dei skreiv. Lese om livet deira og lage seg eit
bilete av forfattarane og samtida
- arbeide med litteratur, litteraturhistorie og språkhistorie
i samanheng og i tilknyting til tekstar dei les
- granske skrifta i tidlegare tider og i andre kulturar, blant
anna runer, latinsk skrift og gotisk skrift, og arbeide med skriftprøver
- granske rolla til den munnlege forteljinga i vår kultur
og i andre kulturar, granske nokre språklege stilarter
- undersøkje språkleg variasjon i Noreg, som til
dømes dialektar og sosiolektar, og drøfte den språkpolitiske
situasjonen. Studere korleis språk endrar seg, sjå
på lånord og nyord, internasjonalisering og påverknad
frå andre språk, og finne døme på utanlandske
ord og uttrykksmåtar
- samle, arbeide med og vurdere eigne tekstar frå ungdomssteget
for å få innsikt i si eiga skriftspråksutvikling
og tekstutvikling
- arbeide med dramatiske sjangrar, verkemiddel i dramatiske tekstar,
framsyningar og teater. Få noko kjennskap til teaterhistorie,
vurdere verkemiddel i film, forteljemåte, samspel mellom
bilete, tale og lyd, og samanlikne bok og film
- få røynsle i å arbeide ut kriterium for
å vurdere tema- og prosjektarbeid eller prosjektoppgåver
- granske nokre språklege stilarter
- studere språk, sjanger, vinkling, stoffutval og presentasjonsform
i norske aviser
- arbeide med hovudtrekka i norsk grammatikk. Bruke ordlister,
oppslagsverk og annan referanselitteratur
|
|
 |
KRL
Norsk
Engelsk
Matematikk
Samfunnsfag
Natur & miljø
Tverrfaglig
Filosofiske
samtaler
Forsiden
Forum
E-postliste
Kontakt
Hjelp
Om
In English
|