 |
 |
Læreplanreferanse — Natur- og miljøfag
På denne siden finner du hele læreplanen i natur- og miljøfag.
De læreplanreferansene vi har laget stoff til er uthevet med rødt
fulgt av en hakeklamme som inneholder lenker til temaene. Her kan du
til enhver tid følge med hvilke deler av læreplanen vi har
laget stoff til.
Hovedmomenter: 1.-4. klasse
• 5.-7. klasse •
8.-10. klasse
Målsetninger |
1-4 |
KROPP OG HELSE
Elevane skal stimulerast til å bruke sansane bevisst, bli kjende
med omgrep om kroppen, lære korleis dei kan ta vare på
kroppen og bli fortrulege med korleis kroppen veks og endrar seg.
Dei skal utvikle forståing for mennesket som ein del av naturen. |
1-4 |
MANGFALDET I NATUREN
Elevane skal gjennom eigne opplevingar kunne utvikle glede, undring
og respekt for mangfaldet i naturen. Dei skal bli
kjende med den levande og den ikkje-levande delen av naturen og samspelet
mellom dei. [Levende og ikke-levende]
Dei skal utvikle omgrepa sine om naturen ved å teikne og skrive
sine eigne observasjonar, og utvikle omsorg og ansvar for naturen
i sitt eige nærmiljø. |
1-4 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK
Elevane skal gjennom frie og styrte aktivitetar utvikle kunnskap
om ulike materiale og nokre av eigenskapane deira. Dei skal ha kjennskap
til resirkulering av avfall og utvikle ei positiv holdning til miljøvennleg
avfallshandtering. |
1-4 |
DET FYSISKE VERDSBILETET
Elevane skal gjennom frie og styrte aktivitetar kjenne til nokre
fysiske fenomen i dagleglivet og utvikle omgrepa sine i høve
til dette. Dei skal kjenne til ulike vêrfenomen og ha kunnskap
om sol, måne og stjerner. |
5-7 |
KROPP OG HELSE
Elevane skal utvikle kunnskap om nokre kroppsfunksjonar og døme
på likskapar og ulikskapar mellom menneske og andre dyreartar.
Dei skal bli fortrulege med endringar som skjer ved overgangen frå
barn til vaksen, og kunne utvikle forståing for verdien av
eit sunt kosthald. Dei skal kjenne til verknader av tobakk og rusgifter
og utvikle bevisste holdningar til bruk av rusmiddel. |
5-7 |
MANGFALDET I NATUREN
Elevane skal gjennom opplevingar og undersøkingar av ulike
former for liv og livsprosessar utvikle undring og respekt for mangfaldet
i naturen. Dei skal gjennom systematiske observasjonar i ulike biotopar
og gjennom kontrollerte forsøk utvikle forståing for
samspelet i naturen. Dei skal bli kjende med namn på vanlege
planter, dyr og sopp og kunne søkje etter informasjon i ulike
skriftlege kjelder og i datanett. |
5-7 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK
Elevane skal kjenne eigenskapane til utvalde stoff og lære
om kva dei blir brukte til i dagleglivet. Dei skal bli kjende med
vanlege mineral og bergartar. Dei skal gjere forsøk med og
utvikle kunnskap om forbrenning av stoff og få innsikt i kva
rolle vatn spelar i naturen og i samfunnet. |
5-7 |
DET FYSISKE VERDSBILETET
Elevane skal gjennom enkle forsøk utvikle kunnskap om magnetisme
og elektrisitet og eigenskapar ved lys og lyd, og kjenne til kva
dei har å seie i dagleglivet før og no. |
8-10 |
KROPP OG HELSE
Elevane skal ha kunnskap om bygnaden og funksjonen til systema i
kroppen og korleis dei verkar saman. Dei skal bli kjende med vanlege
sjukdommar og korleis sjukdomsbiletet har endra seg. Dei skal ha
kunnskap om korleis tobakk og rusmiddel verkar på kroppen,
utvikle ansvar for eiga helse og omsorg og respekt for andre. |
8-10 |
MANGFALDET I NATUREN
Elevane skal gjennom systematiske undersøkingar av den levande
og den ikkje-levande delen av naturen utvikle økologisk forståing.
Dei skal kjenne til utviklinga av jorda og korleis livet på
jorda har oppstått og endra seg over tid. Dei skal utvikle
forståing for mennesket sin plass i naturen og korleis menneskelege
aktivitetar kan endre naturmiljøet lokalt og globalt, og kunne
gi døme på korleis kunnskap, forsking og teknologi har
endra levevilkåra og miljøet. Elevane skal kunne bruke
ulike skriftlege kjelder og elektroniske hjelpemiddel for å
søkje, omarbeide og formidle informasjon. |
8-10 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK
Elevane skal ha kunnskap om stoff og reaksjonane deira slik at dei
kan sjå samanhengar og gjere miljøvennlege val i den
kjemiske kvardagen vår. Dei skal kunne planleggje, gjennomføre
og vurdere enkle forsøk. Elevane skal kunne bruke informasjonsteknologi
som eit hjelpemiddel. |
8-10 |
DET FYSISKE VERDSBILETET
Elevane skal ha kunnskap om jorda, solsystemet og universet og kjenne
til korleis teknologisk utvikling har verka inn på kunnskapen
vår om verdsrommet. Dei skal ha kunnskap om ulike energitilstandar,
energikjelder og energiformer. Dei skal kjenne korleis teknologisk
utvikling har påverka energibruken vår og døme
på positive og negative konsekvensar av dette. Dei skal ha
kunnskap om målingar og måleiningar og kunne planleggje,
gjennomføre og vurdere enkle forsøk og kunne bruke
elektroniske hjelpemiddel i arbeidet. Dei skal gjennom forsøk
få forståing for ein partikkelmodell for faste stoff,
væsker og gassar. Elevane skal vere fortrulege med og kunne
bruke informasjonsteknologi for å søkje, omarbeide og
formidle informasjon. |
Hovedmomenter 1.-4. klasse |
1 |
KROPP OG HELSE |
- lære korleis dei fem sansane er knytte
til ulike kroppsdelar [De
fem sansene]
- stimulere sansane og bruke dei bevisst ved aktivitetar inne
og ute i naturen
|
1 |
MANGFALDET I NATUREN |
- utforske både den levande og den ikkje-levande
delen av naturen og beskrive opplevingar gjennom å teikne/skrive
i ei naturdagbok [Lag
løvetannfest]
- observere nokre dyr og planter i nærmiljøet og
sortere dei etter lett observerbare likskapar og ulikskapar
- samle og sortere ulike steinslag etter lett observerbare eigenskapar
|
1 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- lære at alt stoff er bygd opp av mindre delar som vi
ikkje kan sjå
- samanlikne, beskrive og sortere ulike materiale etter lett
observerbare eigenskapar
- sjå korleis materiale blir brote lett ned i naturen i
motsetnad til tungt nedbrytbare materiale
- arbeide med kompostbinge som døme på eit forenkla
krinsløp, og utvikle noko forståing for at naturen
bruker dei same stoffa om att
|
1 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- arbeide med lys, lysbryting og danning av skuggebilete og vinne
erfaring med at lys kjem frå lyskjelder og går i
rette linjer
- sjå kva som skjer når lys treffer ulike overflater
|
2 |
KROPP OG HELSE |
- delta i leik og andre aktivitetar for å bli kjende med
korleis kroppen fungerer
- samtale om kva ein meiner med å vere sjuk, om nokre sjukdommar
som er vanlege for barn, og korleis ein kan ta vare på
helsa si
|
2 |
MANGFALDET I NATUREN |
- observere sentrale kjenneteikn i naturen gjennom dei fire årstidene,
til dømes ved å følgje eit tre eller ei anna
fleirårig plante gjennom eit år
- lære å kjenne dei vanlegaste
bærslaga, fruktene og grønsakene [Våre
vanligste frukter]
- lære korleis ein nyttar ulike plantedelar til ulike føremål
|
2 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- bli kjende med eigenskapar ved vanlege materiale
og knyte desse eigenskapane til bruk av dei ulike materiala [Lag
vakre stjerner…]
- bli kjende med kva materiale nokre vanlege bruksting er laga
av
- lage leiker og spel av ulike materiale, til dømes naturmateriale
|
2 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- utforske ulike lydar inne og ute for å bli kjende med
omgrep som blir brukte for å beskrive lyd; lage enkle lydinstrument
og bruke stemma for å merke korleis lyd blir skapt ved
vibrasjon
|
3 |
KROPP OG HELSE |
- bli fortrulege med si eiga fysiske utvikling og bli kjende
med livsløpet til menneska
- lære noko om korleis kroppen er bygd opp
|
3 |
MANGFALDET I NATUREN |
- observere enkle livssyklusar til planter og dyr, og så
frø og stelle planter
- bli kjende med nokre fuglar i nærmiljøet og kva
som skjer med dei gjennom årstidene
- lære om og bli kjende med nokre vanlege
dyr, til dømes kjæledyr eller husdyr, og samtale
om forholdet mellom menneske og dyr [Dyrene
blant oss]
|
3 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- undersøkje kva som flyt eller søkk i vatn, sjå
at materiale som søkk, kan formast slik at dei flyt, og
sjå døme på teknologisk bruk av det
- lære noko om faste stoff, væsker
og gassar og arbeide med frysing, smelting og fordamping av vatn
som døme på det [Vann]
|
3 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- få sjå at materiale kan formast slik at dei svevar
og sjå døme på teknologisk bruk av det
- observere og beskrive ulike vêrfenomen, og måle
temperatur, nedbør og eventuelt snømengd
|
4 |
KROPP OG HELSE |
- arbeide med sentrale likskapar og ulikskapar mellom menneska
og andre levande organismar, og korleis variasjonar heng saman
med omgivnad og miljø
- lære noko om barnesjukdommar og vaksine
|
4 |
MANGFALDET I NATUREN |
- utforske nokre biotopar i nærmiljøet og beskrive
enkle næringskjeder utifrå arbeidet med biotopar
- arbeide med felles kjenneteikn for levande organismar, og øve
seg i ulike måtar å gruppere dei på
- arbeide med stell av planter [Brennesle
i kjøkkenhaven, Agurkdyrking
i klassen]
|
4 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- arbeide med kjeldesortering, kva ein reknar som avfall, og
kva som kan brukast på nytt
- drøfte avfallsproblem og korleis ein kan redusere mengda
av avfall
|
4 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- bli kjende med krefter som fører til rørsle eller
som hindrar rørsle, og sjå døme på
praktiske konsekvensar av det i kvardagen vår
- lære om teknologisk bruk av tyngdepunkt, vektstenger
og friksjon
- over tid observere posisjonen til sola og samanhengen mellom
solhøgd og tid på dagen
- observere månen og ulike månefasar over tid
- lære korleis årstider, månefasar og tidvatn
i ulike kulturar, mellom anna den samiske, har styrt arbeidet
- arbeide med ein enkel modell for solsystemet, nokre stjernebilete
og korleis dei fekk namn
|
Hovedmomenter 5.-7. klasse |
5 |
KROPP OG HELSE |
- bli kjende med plassering og hovudfunksjonar til nokre organ
i kroppen
- arbeide med enkle døme på likskapar og ulikskapar
mellom bygnaden til menneske og andre dyreartar
- arbeide med spørsmål knytte
til puberteten, og kva rolle den spelar for formeiringa og seksuell
kjønnsidentitet, mellom anna heterofili/homofili [Bare
et skritt...]
|
5 |
MANGFALDET I NATUREN |
- undersøkje naturtypar som til dømes skog og kulturlandskap
som leveområde for dyr og planter og bruke enkle metodar
til å identifisere nokre dyreartar
- arbeide med enkle samanhengar mellom bygnad, levesett og miljø
for eit utval dyre- og planteartar
- lære om nokre viltlevande norske pattedyr og korleis
menneska nyttar denne ressursen til dømes ved jakt
- arbeide med døme på norske plante- og dyreartar
som har døydd ut eller står i fare for å døy
ut, og drøfte moglege årsaker til det
|
5 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- gjennom enkle forsøk erfare korleis oppvarming av stoff
og stoffblandingar kan føre til endringar som kan vere
reversible eller vere permanente og føre til danning av
nye stoff
- lære om sentrale eigenskapar ved metall, med hovudvekt
på jern, sjå døme på jern som rustar
og bli kjende med metodar for å hindre det
- arbeide med døme på reine metall og legeringar
og bruken av dei, før og no
- arbeide med nokre vanlege metallmineral og gjere seg kjende
med korleis metall vart utvunne og brukte i lokalmiljøet
før og no
- lære namn på nokre vanlege mineral og bergartar,
undersøkje nokre bergartar i lokalmiljøet, sortere
dei etter lett observerbare eigenskapar og undersøkje
korleis dei blir brukte
|
5 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- bli kjende med sentrale eigenskapar ved magnetar og materiale
magnetar verkar på
- arbeide med praktisk bruk av magnetar og utvikle enkel teknologi
der magnetar blir nytta
- lage og bruke kompass, og gjere seg kjende med jorda som magnet
|
6 |
KROPP OG HELSE |
- arbeide med mat som kjelde til energi og byggjemateriale i
kroppen, verdien av eit balansert kosthald og konsekvensar
av eteforstyrring [Spiseforstyrrelser]
- arbeide med hovudtrekka for nedbryting av mat i fordøyingssystemet
- bli kjende med døme på stoff som kan misbrukast,
gi rusverknad, gjere folk avhengige
- drøfte årsaker til at somme byrjar med tobakk
og rusmiddel, for å skape grunnlag for bevisste val
- arbeide med ein enkel modell for auga og samanlikne med eit
enkelt fotoapparat
|
6 |
MANGFALDET I NATUREN |
- samle og undersøkje nokre planteartar/plantefamiliar
medrekna døme på nokre blomsterlause planter og
bruke enkle nøklar til å identifisere artar [Plantearter]
- lære om levestad og namn til nokre soppar og lav og den
rolla dei spelar i naturen
- gjere kontrollerte forsøk og lære om faktorar
som påverkar vekst og formeiring hjå ei plante
- få kjennskap til funksjonane til rot, stengel, blad og
blomster gjennom ulike forsøk
- arbeide med næringskjeder og fotosyntesen, og med plassen
planter, dyr og menneske har i ei næringskjede
|
6 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- gjere forsøk med forbrenning av stoff og samanlikne
med forbrenning av mat i kroppen
- få erfaring med kva vilkår som skal til for at
noko skal ta til å brenne, og klassifisere stoff og materiale
som brennbare og ikkje-brennbare. Få innblikk i korleis
ein brann kan oppstå og bli sløkt, og få trening
i førstehjelp ved forbrenning
- arbeide med døme på brensel som har vore dominerande
opp gjennom tidene, teknologi brukt til utnytting av brenslet
og døme på miljøkonsekvensar
|
6 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- planleggje og gjere enkle forsøk med lys og arbeide
med døme på ulike lyskjelder
- arbeide praktisk med refleksjon og lysbryting, til dømes
bruk av speglar, briller, mikroskop
- lære gjennom forsøk at sollys inneheld ei blanding
av fargane i regnbogen og eksperimentere med ulike fargeblandingar
- eksperimentere med lysbryting og lys som går frå
luft til vatn og omvendt, og bli kjende med konsekvensar det
har for dyr og menneske
|
7 |
KROPP OG HELSE |
- arbeide med ein enkel modell for øyra, bli kjende med
skadar som kan oppstå på grunn av av lyd og støy,
og drøfte kva ein kan gjere for å redusere moglege
skadeverknader
- gjennom forsøk få erfaring med korleis menneska
orienterer seg ved å bruke sansane
|
7 |
MANGFALDET I NATUREN |
- gjere feltarbeid og bli kjende med organismar som lever i vatn,
og korleis organismane er tilpassa kvarandre og miljøet
dei lever i
- gjere seg kjende med næringskjeder i ferskvatn og saltvatn
- arbeide med eit utval pattedyr og fiskeartar i ferskvatn og
saltvatn
|
7 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- utforske sentrale eigenskapar ved vatn,[H2O]
og gjennom forsøk gjere seg kjende med kva vatn har å
seie for levande organismar
- arbeide med ein enkel modell av krinsløpet
til vatnet, gjennom forsøk lære om frysing, smelting,
fordamping og kondensasjon og gjere seg kjende med prosessane
ved sky- og nedbørdanning [Vannets
kretsløp]
- utforske ferskvatnet der dei bur og eventuelle interessemotsetnader
ved bruken
- sjå på enkle prinsipp for transport og reinsing
av drikkevatn og avløpsvatn, før og no
- planleggje og utvikle enkle modellar for omdanning av energien
i rennande vatn til mekanisk arbeid, og gjere seg kjende med
korleis menneska har utnytta dette teknologisk før og
no
- planleggje og gjere forsøk for å skilje eit stoff
frå ei blanding ved bruk av fysiske prosessar som å
sile, filtrere, løyse og fordampe, og sjå døme
på korleis det blir nytta praktisk
|
7 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- gjennom forsøk få kjennskap til ulike lydkjelder,
tonestyrke og tonehøgd og gjere seg kjende med korleis
nokre ulike musikkinstrument og menneskestemma lagar lyd
- få erfaring med bygging av enkle elektriske krinsar,
og gjennom forsøk skilje mellom elektriske leiarar, isolatorar
og elektromagnetar og knyte dette til bruken av dei ulike materiala
- beskrive sin eigen kvardag utan tilgang på elektrisitet
og gjere seg kjende med den praktiske rolla elektrisiteten spelar
i det moderne samfunnet
- eksperimentere med hobby-elektronikk og få kunnskap om
teknologi for styring og kontroll
- lære om dei store vêrsystema og dei omgrepa som
blir nytta i vêrmeldinga
|
Hovedmomenter 8.-10. klasse |
8 |
KROPP OG HELSE |
- arbeide med spørsmål om korleis bakteriar verkar
på prosessane i kroppen
- lære om dei store smittsame sjukdommane, historia deira,
utbreiinga og korleis menneska har kjempa mot dei
- bli kjende med døme på nokre andre vanlege sjukdommar,
årsakene til dei og korleis kroppen vernar seg mot sjukdom
- bli kjende med korleis den teknologiske utviklinga, til dømes
røntgen og oppdaginga av penicillin og anna antibiotika,
har endra sjukdomsbiletet
- arbeide med døme på tradisjonell folkemedisin,
mellom anna den samiske
|
8 |
MANGFALDET I NATUREN |
- bli kjende med utvalde stein- og jordtypar gjennom feltarbeid
og døme som viser samanhengen mellom vegetasjon, jordsmonn
og bergartar
- arbeide med døme på korleis levande organismar
er tilpassa ulike klimatiske tilhøve
- arbeide med samanhengen mellom blomsterbygnad og mjølingsmåte
hjå planter, ulike spreiingsmåtar for frø
og samanhengen mellom spreiingsmåte og utforming av frøa
- bli kjende med hovudtrekka i utviklingslæra, arbeidet
til Darwin og teoriane om utvikling ved naturleg utval
- arbeide med spørsmål knytte til korleis jorda
og livet på jorda har endra seg og framleis er i endring,
og korleis fossil blir danna og blir brukte til å forklare
utviklinga til dyr og planter
- lære om dei fysiske føresetnadene for liv som
skil jorda frå dei andre planetane i solsystemet
- bli kjende med sentrale kjenneteikn på bakteriar og virus
- arbeide med spørsmål om kva verdiar bakteriar
har i industrien og i naturen
|
8 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- bli kjende med vanlege tryggleiksrutinar i rom der dei arbeider
med naturfag
- gjennom forsøk øve seg i å klassifisere
sure og basiske daglegvarer, indikator-eigenskapar for fargestoff
i planter, pH-omgrepet og metodar for å fastsetje pH i
ei vassløysing
- gjennom forsøk lære om sentrale eigenskapar hjå
oksygen, hydrogen, karbondioksid og butan og propan
- bli kjende med situasjonar i dagleglivet som kan innebere risiko
for å bli forgifta av karbonmonoksid, for at brennbare
gassar tek fyr, for fortrenging av og mangel på oksygen
|
8 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- bli kjende med nokre ulike teoriar om utviklinga av universet
fram til i dag, sentrale kjenneteikn ved stjerner og galaksar,
til solsystemet og korleis teknologisk utvikling har verka inn
på kunnskapen vår om verdsrommet, til dømes
ved å bruke informasjonsteknologi
- måle tid, lengd, gjennomsnittsfart, masse og volum og
bli kjende med måleiningar brukte til dette, og SI-systemet
- gjere forsøk og bruke ein partikkelmodell til å
beskrive sentrale eigenskapar ved gassar, væsker og faste
stoff, faseovergangar og samanhengen mellom temperatur og rørsla
til partiklane
- fastsetje massetettleiken for stoff og arbeide med teknologisk
bruk av skilnader i massetettleik
|
9 |
KROPP OG HELSE |
- gjennom forsøk få erfaring med modellar som viser
korleis skjelett, ledd og musklar verkar saman
- arbeide med korleis kroppen forsvarar seg mot ytre påverknader,
kva rolle sansane spelar, og korleis hjernen kommuniserer med
resten av kroppen
- arbeide med korleis hormon er med på å styre enkelte
prosessar i kroppen
- bli kjende med korleis tobakk og rusmiddel verkar på
kropp og helse, og drøfte bruk og misbruk av ulike medikament
|
9 |
MANGFALDET I NATUREN |
- bli kjende med eit økosystem på land gjennom feltarbeid,
finne fram til enkle næringskjeder og næringsnett
og beskrive korleis artane er tilpassa kvarandre og miljøet
dei lever i
- bli kjende med fotosyntesen som grunnlag for liv, energivandringa
i ei næringskjede og funksjonane til produsentar, konsumentar
og nedbrytarar
- bli kjende med omgrepet biologisk mangfald, drøfte korleis
menneskelege aktivitetar kan endre tilhøva i eit økosystem
og konsekvensar og interessekonfliktar i høve til bruk
av naturressursar, til dømes ved hjelp av datanett
- bli kjende med korleis folk og spesielt samane har nytta og
nyttar naturressursane
|
9 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- bli kjende med omgrepa atom, molekyl, ion, grunnstoff, kjemisk
sambinding og mekanisk blanding, og døme på atommodellar
som har vore presenterte opp gjennom tidene
- bli kjende med periodesystemet for grunnstoffa og grovinndelinga
i metall og ikkje-metall eksemplifisert ved vanlege grunnstoff
- erfare gjennom forsøk korleis nokre grunnstoff reagerer
med kvarandre og dannar sambindingar med nye eigenskapar
- lære om namnsetjing av enkle kjemiske sambindingar og
beskrive enkle kjemiske reaksjonar med ord
- gjere forsøk som syner skilnaden mellom ei fysisk endring
og ein kjemisk reaksjon
- arbeide med døme på enkle ionesambindingar, og
gjere forsøk med leiing av straum i væske
- gjere illustrerande forsøk med elektrolyse og arbeide
med lett observerbare effektar av elektrolyse og døme
på bruk av dette i samfunnet
- gjere forsøk som viser fysiske og kjemiske eigenskapar
for nokre metall, arbeide med bruksområde og døme
på utvinning av metall
- arbeide med faktorar som fremjar korrosjon, døme på
konsekvensar og enkle metodar for å hindre korrosjon, og
problem som kan komme av bruk av metall og metallsambindingar
|
9 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- bli kjende med sentrale oppdagingar og oppfinningar knytte
til elektrisitet, mellom anna statisk elektrisitet og oppdaginga
av fenomenet elektrisitet
- arbeide med ein enkel modell for elektron i ein straumkrins
og bli kjende med omgrepa straum, spenning, motstand og energioverføring
- planleggje og gjere forsøk med komponentar i ein enkel
krins, arbeide med symbol for desse komponentane i koplingsskjema,
og gjennom forsøk få innsikt i samanhengen mellom
straumstyrke og spenning og bruke måleiningar for spenning,
straumstyrke, motstand og elektrisk effekt
- bli kjende med sikringsforskrifter ved bruk av elektrisk utstyr
i heimen og få erfaring med elektriske koplingar
- gjere forsøk med bruk av elektrisk generator og transformator
- gjere seg kjende med systemet for tilførsel av elektrisk
energi i lokalmiljøet og drøfte ulike måtar
for energiøkonomisering i ei hushaldning
|
10 |
KROPP OG HELSE |
- gjere forsøk med stoff frå følgjande stoffgrupper:
karbohydrat, alkoholar, feitt og protein, og arbeide med korleis
dei ulike næringsstoffa blir brukte i kroppen
- bli kjende med fordøyingssystemet, korleis kroppen skaffar
seg energi og kvittar seg med avfallstoff og arbeide med spørsmål
knytte til sjukdommar og kosthald
- bli kjende med korleis menneska formeirar seg, og få
ei enkel framstilling av menstruasjonssyklusen, befruktning og
utvikling av fosteret, genar og arv
- bli kjende med ulike prevensjonsmiddel og få ei enkel
forklaring på korleis dei verkar
- lære om seksuelt overførte sjukdommar, og drøfte
korleis ein kan unngå dei
- arbeide med spørsmål knytte til abort, skilnaden
på spontan abort og provosert abort, og lova om sjølvbestemt
abort
- drøfte kva som ligg i omgrepa forelsking, kjærleik,
omsorg, seksualitet, seksuell kjønnsidentitet mellom anna
heterofili, homofili, seksuell lågalder, seksuell debut
og sexpress
|
10 |
MANGFALDET I NATUREN |
- planleggje og gjennomføre økologiske undersøkingar
i eit naturområde, bli kjende med aktuelle tiltak i området
og drøfte kva gjennomføring kan få å
seie
- arbeide med spørsmål knytte til foredling av planter
og dyr, tradisjonelt og ved hjelp av moderne genteknologi, og
ta opp ulike sider ved forsking og bruk av genteknologi som gjeld
etikk, samfunnsnytte og risiko for helse og miljø
- drøfte korleis kunnskap, forsking og teknologi har endra
levevilkåra for menneska lokalt og globalt
- drøfte tiltak som kan betre miljøet og medverke
til ei berekraftig utvikling lokalt og globalt, til dømes
ved bruk av datanett
|
10 |
STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK |
- arbeide med ein enkel modell av krinsløpet til karbon,
bli kjende med korleis olje, kol og gass blir danna, og bruk
av ulike hydrokarbon i industri og daglegliv
- bli kjende med oljeforureining og metodar som blir brukte ved
uhell med oljeutslepp i vatn
- bli kjende med vanlege organiske løysemiddel og bli
kjende med korleis ein bør handsame dei
- gjere forsøk med fullstendig og ufullstendig forbrenning
av fossilt brensel og plantemateriale og bli kjende med rolla
oksygen spelar i forbrenninga, med forbrenningsprodukt og energiutbytte
ved reaksjonane
- gjere forsøk som illustrerer forsuring og kalking av
vatn, og bli kjende med miljøproblem grunna forbrenningsgassar
og tiltak for å redusere problema
- bli kjende med eigenskapar ved ulike typar radioaktiv stråling,
radioaktive stoff og mineral og bruk av radioaktive stoff knytte
til samfunnsnytte og risiko for helse og miljø, til dømes
ved bruk av dataprogram
|
10 |
DET FYSISKE VERDSBILETET |
- saman drøfte seg fram mot ein definisjon om kva energi
er, planleggje og gjere forsøk som viser ulike energiovergangar
og ha øving i å beskrive energiovergangane dei observerer
- gjere seg kjende med fornybare og ikkje fornybare energikjelder
på jorda, teknologi og framtidsutsikter i høve til
energiressursar, til dømes ved bruk av informasjonsteknologi
- bli kjende med drivhuseffekten og til effekten av ozonlaget
- bli kjende med døme på ulike slag elektromagnetisk
stråling og kvardagsteknologi knytt til dei
- arbeide med spørsmål knytte til nordlys og ulike
segner i samband med dette, mellom anna samiske
- gjere seg kjende med arbeid, som kraft * veg, og bruke dette
for å finne arbeidet og energien som blir brukt i ein aktivitet,
og sjå samanhengen mellom utført arbeid og energiinnhaldet
i mat
- observere solspekteret og spekteret frå andre lyskjelder
og samanhengen mellom lys og fargar
- gjere forsøk med korleis auga fungerer, med refleksjon
og bryting av lys, og døme på teknologisk bruk
|
|
 |
KRL
Norsk
Engelsk
Matematikk
Samfunnsfag
Natur & miljø
Tverrfaglig
Filosofiske
samtaler
Forsiden
Forum
E-postliste
Kontakt
Hjelp
Om
In English
|